Den fyrste bygdevekstavtalen signert, – ein merkedag!

I dag signerte kommunane i Indre Namdal i Trøndelag fyrste bygdevekstavtale i Noreg. Dette er ein merkedag i Senterpartiet og Arbeiderpartiet si distriktssatsing, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Hausten 2022 blei Indre Namdal i Trøndelag valt ut som ein av fem nasjonale pilotar for utprøving av bygdevekstavtaler. Avtalen er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane, fylkeskommunen og staten. Målet er å bidra til busetting, tilgang på arbeidskraft og næringsutvikling i mindre sentrale distriktskommunar. No blir dei fire kommunane dei fyrste til å signere ei bygdevekstavtale med staten og fylkeskommunen.

– Signeringa av avtalen er ein merkedag i arbeidet med bygdevekst og norsk distriktspolitikk, ­seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

I Hurdalsplattforma blei bygdevekstavtaler lansert som ei heilt ny distriktssatsing frå Senterpartiet og Arbeiderpartiet. Bygdevekstavtaler skal bidra til busetnad, tilgang på kompetent arbeidskraft og framtidsretta næringsutvikling i dei minst sentrale delane av Distrikts-Noreg.

– Regjeringa vil bygge samfunnet nedanfrå, og då er bygdevekstavtalene midt i blinken. Kommunane kjenner utfordringane, men også moglegheitene lokalt. No set vi dei i stand til  å jobbe målretta med å løyse utfordringane sine basert på lokale løysingar, seier Sande.

Kommunane Grong, Namsskogan, Lierne og Røyrvik utgjer piloten Indre Namdal. Dei har valt å satse på mellom anna rekruttering av arbeidskraft, samfunnsplanlegging, mobilitet, desentralisert og fleksibel utdanning og landbruk.

– Staten går inn med totalt 18 millionar kroner til piloten i Indre Namdal. Kombinasjonen av pengar og at vi no har samla relevante aktørar i eit felles prosjekt knytt til viktige satsingsområde kjem til å bli nøkkelen. Eg er sikker på at dette blir ein suksess, oppsumerar Sande.