Mina Gerhardsen blir nytt barneombod

Mina Gerhardsen er tilsett i stillinga som nytt barneombod. Ho kjem frå stillinga som generalsekretær i Nasjonalforeininga for folkehelsa.

Bilde fra pressekonferansen
Fra pressekonferansen der Mina Gerhardsen (t.h.) ble presentert som nytt barneombud. Til venstre, barne- og familieminister Kjersti Toppe. Foto: Bjørnar Refsland/Barne- og familiedepartementet

– Eg er svært glad for at vi har fått Mina Gerhardsen som nytt barneombod. Ho kjem i dag frå Nasjonalforeininga for folkehelsa, der ho har vore Generalsekretær sidan 2019. Før det har ho brei erfaring og kompetanse frå både organisasjonslivet og politikken. Dei erfaringane er eg sikker på at vil bli nyttig i jobben som barneombod. Eg ser frem til å samarbeide med det nye barneombodet i det viktige arbeidet med å vareta barns rettar og skape eit trygt og inkluderande samfunn for alle barn og unge. Eg er trygg på at Gerhardsen vil vareta alle ombodets oppgåver på ein god måte, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Ombodet blir tilsett på åremål for ein periode på seks år. Gerhardsen overtek som ombod etter Inga Bejer Engh. Mina Gerhardsen tiltrer stillinga i august.

Om Barneombodet:

Barneombodet skal fremje barns interesser overfor det offentlege og private, og skal følgje med i utviklinga av barns oppvekstkår.

Lov om barneombod vart vedteke i 1981, og det første barneombodet i verda vart utnemnd same år. Barneombodet har til oppgåve å fremje barns interesser overfor det offentlege og private, og skal følgje med i utviklinga av barns oppvekstkår. Ombodet kan verke av eige tiltak eller etter førespurnad frå andre.

Ombodet er fagleg uavhengig, men administrativt underlagt Barne- og familiedepartementet (BFD).