Staten ankar bryggedom til Høgsterett

Ifølge Gulating lagmannsrett fell ei 74 kvm stor brygge med armert betongsøyler utanfor bygningslova. Staten ved Kommunal- og distriktsdepartementet meiner rettsbruken til lagmannsretten er feil og ankar dommen til Høgsterett.

Mange stader i strandsona er byggjetiltak oppført utan involvering av bygningsstyresmakta. Dette har over tid medverka til at delar av strandsona, særleg i pressområde, kan vere privatisert og utilgjengeleg for folk og dyr.

Kommunane gjer ein stor innsats for å kartleggja faktisk status langs sjøen. Dommen frå 5. april skapar ein uavklart og krevjande situasjon for kommunane si behandling av eldre saker om ulovleg bygging i strandsona. Lagmannsretten gjev også uttrykk for at dommen vil ha betydning utover den konkrete saka. Det har han allereie har fått, mellom anna i Oslofjorden.

Dommen har fått stor merksemd rundt i kommunane. Som øvste plan- og bygningsstyresmakt har departementet ansvar for å rettleia  kommunane. Dommen reiser prinsipielle og viktige spørsmål om kva som er «varige konstruksjonar» etter den gamle bygningslova. Dette er avgjerande for korleis kommunane kan følgje opp eldre tiltak, særleg i strandsona. Den har vore underlagd eit særskilt vern sidan 1954.

Kommunal- og distriktsdepartementet tek på alvor uroa etter dommen. Vi meiner difor det er nødvendig at Høgsterett avklarar spørsmålet. Dette er viktig både av omsyn til å gje kommunane god og riktig rettleiing, men også for innbyggjarane. Ei avklaring av spørsmålet gjer at folk kan vite kva dei må innrette seg etter og dermed gje rettstryggleik.

Departementet meiner anken reiser eit allment og praktisk rettsspørsmål som bør vurderast av den høgste rettsinstansen vår.