Trondheim kommune - motsegn til detaljregulering for Lutelvvegen

Kommunal- og distriktsdepartement godkjenner ikkje detaljregulering for Lutelvvegen i Trondheim kommune. Departementet meiner at risikoen ved å byggje på avfallsdeponiet vil vere urimeleg høg, fordi ein ikkje kan vere trygg på at overvaking og førebyggjande tiltak blir følgd opp etter at bustadane står ferdige. Departementet meiner dette kan medføre auka risiko over tid. Det vil òg kunne skape usikkerheit og grunnlag for bekymringar hjå dei framtidige bebuarane, med negative følgjer for helsa. Departementet meiner ut frå dette at det ikkje er forsvarleg å byggje på deponiet før dei gassdannande massane er fjerna eller gassproduksjonen har gått ned til eit nivå der han ikkje lenger medfører risiko. Motsegna frå Statsforvaltaren i Trøndelag er teken til følgje.

Bakgrunn

Statsforvaltaren i Trøndelag har i brev datert 7. mars 2023 send over uløyst motsegn til detaljregulering for Lutelvvegen til Kommunal- og distriktsdepartementet. Motsegna er fremja av statsforvaltaren, og gjeld spørsmål knytt til bustadbygging på eit tidlegare deponi. Departementet avgjer etter plan- og bygningslova § 12-13 om motsegna skal takast til følgje.

Føremålet med detaljregulering av Lutelvvegen, gnr/bnr 23/369, 24/310 m.fl. er å leggje til rette for ei betre utforming av utbygginga og auke utnyttinga i høve til gjeldande detaljregulering for området, som blei vedteken 28. august 2014. Av planomtalen går det fram at gjeldande plan legg til grunn inntil 215 bustader, og at det nye planforslaget vil gje moglegheit for ca. 420 bustader. Planområdet er òg omfatta av reguleringsplan for Ranheim vestre, strandområde 4, som blei vedteken 28. januar 2010 med krav om utbyggingsplan for det aktuelle delfeltet. Området er sett av til bustadføremål i arealdelen til kommuneplanen. Planforslaget er i samsvar med byutviklingsstrategien til Trondheim kommune, og følgjer opp den vedtekne byvekstavtalen ved å leggje til rette for bustadbygging nær Ranheim jernbanestasjon.

Planområdet er på ca. 42,2 dekar og ligg ved Ranheimsfjæra. Planen legg til rette for utbygging med bustader i blokk med inntil seks etasjar, med parkeringskjellar under bakken. I vest grensar planområdet mot Vikelva med tilhøyrande friområde, og vest for denne er det eit ferdig utbygd bustadområde. Mot aust grensar planområdet mot Ranheim kyrkje, og i nord mot offentlege friområde mot sjøen.

Området er fylt ut i det som opphavleg var strandsona på Ranheim, og har vore brukt som deponi. Deponimassane er i hovudsak avfall frå Ranheim papirfabrikk, med innblanding av massar frå utbygging av E6 m.m. Det er potensial for utvikling av deponigass, og førebyggjande tiltak er difor påkravd. Det er teke inn planføresegner om sikring mot gassinnsig gjennom bygningstekniske løysingar og utarbeiding av ein tiltaksplan som skal sikre gjennomføring av tiltak mot gassinntrenging i bustadane og leie bort gass frå uteområda. Det er òg teke inn føresegner om etablering og godkjenning av eit overvakingsprogram for deponigass, med dokumentasjon av korleis dette skal forvaltast, driftast og haldast ved like gjennom levetida til bygningane.

Statsforvaltaren i Trøndelag har fremja motsegn til planen i brev 29. mai 2019 fordi det ikkje er gjort tilstrekkelege vurderingar av risikoen ved å byggje på deponiet. Motsegna er forankra i folkehelselova § 4 og rundskriv T-2/16 frå Klima- og miljødepartementet. Statsforvaltaren meiner kommunen må avklare om metangassnivåa utgjer ein brann- og eksplosjonsfare, og gjere ei risikovurdering av helsekonsekvensar av å etablere bustader på deponiområdet. Kommunen må gjere ei tydeleg vurdering og ta stilling til risikoen ved å etablere bustader på deponiet, der det blir synleggjort korleis kommunen vurderer avgjerda om å byggje på deponiet opp mot Folkehelseinstituttet (FHI) si klare fråråding av utbygging på deponi. Dersom kommunen etter dette konkluderer med at det er forsvarleg å etablere bustadene på deponiet, meiner statsforvaltaren at det må gjerast greie for den forventa effekten og haldbarheita av dei avbøtande tiltaka over tid.

Statsforvaltaren viser til eit brev frå FHI til Trondheim kommune datert 5. desember 2018, der det går fram at bustadbygging på nedlagde deponi etter deira vurdering inneber ein urimeleg helserisiko og derfor er noko ein bør unngå. Det blir vist til at det alltid er ein viss risiko for inntrenging av deponigass i bygningar, sjølv når det er planlagd tiltak for å unngå dette. Den største risikoen er knytt til konsentrasjonar av deponigass over grensa for eksplosjonsfare. Sannsynet for at problem skal oppstå i etterkant av utbygging er uklar og konsekvensane, dersom deponigass trengjer inn i bygningane, kan bli omfattande. Det blir vist til at bekymringar og usikkerheit blir sett som den største helsebelastninga. Statsforvaltaren meiner kommunen må ta stilling til kva det kan bety for folkesetnaden at dei opplever usikkerheit for helsa ved dagleg bruk og aktivitet knytt til bustadane og uteområda.

Det blir i fråsegna peika på at risikoen av bygging på og ved deponi er knytt til inntrenging av gass til kummar og rom mot bakken, der gass kan oppkonsentrerast og gi fare for kveling og til dels brann- og eksplosjonsfare. Statsforvaltaren viser til at undersøkingar av deponiet i 2015 viser registreringar av deponigass i alle 13 målebrønnar og ved 15 punkt på overflata. Statsforvaltaren peikar på at deponi går gjennom ulike fasar av nedbryting og gassdanning, og at det ikkje er vurdert kva fase deponiet er i og korleis gassdanninga kan ventast å bli i framtida. Det blir vist til at det er teke inn planføresegner om førebyggjande gassikring, måling av gassnivå og dokumentasjon på at tiltaka fungerer over tid. Statsforvaltaren peikar på at dette ikkje erstattar ei risikovurdering, og meiner det ikkje utan vidare kan leggast til grunn at bygg- og anleggsmessige tiltak vil vere tilstrekkeleg.

Statsforvaltaren vurderer det som ein vesentleg mangel ved planforslaget at det ikkje er gjort nærare vurderingar av usikkerheit som følgjer med bruk av areala på deponiet, og om dette gir grunn til ein føre-var-haldning eller ikkje. Statsforvaltaren meiner såleis planen underkommuniserer den moglege risikoen ved og dei moglege konsekvensane av å etablere bustader på deponiet.

Statsforvaltaren har òg fremja motsegn på grunn av manglande vurdering av brann- og eksplosjonsfare i risiko- og sårbarheitsanalysen, men denne motsegna er løyst.

Trondheim bystyre vedtok detaljregulering for Lutelvvegen 19. mai 2022. Eventuelle farar ved å bygge på deponi er etter kommunen sitt syn gjort godt greie for i saka. Kommunen meiner at saka er tilstrekkeleg opplyst til at bystyret kan utøve sitt politiske skjønn til å tillate bygging på deponi. Bakgrunnen for dette er ei vurdering av at sikringstiltaka for å hindre framtidig gassinnsig er tilstrekkelege og at helserisikoen dermed er akseptabel. Kommunen viser elles til at dette er ei prinsipielt viktig sak, ettersom det er fleire deponi i kommunen som er aktuelle å byggje på.

Kommunen meiner føresegnene til planen, så langt det er mogleg etter plan- og bygningslova, sikrar gjennomføring av tiltaksplan, overvakingsprogram og dokumentasjon for forvaltning, drift og vedlikehald knytt til fareområde deponi. Kommunen har ikkje klart å finne heimel til å vedta føresegner for å sikre drift og oppfølging av gassikringsanlegget etter at ferdigattest er gitt, og har derfor ikkje kunna imøtekome motsegna frå Statsforvaltaren i Trøndelag. Kommunen viser til at dei heller ikkje har funne moglegheiter til å sikre oppfølging av gassovervaking ved å etablere ei lokal forskrift, ved tinglyst erklæring eller på andre måtar i medhald av forurensningsloven, folkehelseloven eller forskrift om miljørettet helsevern.

Mekling blei gjennomført 26. august 2022, der ulike løysingar blei diskutert. Det var semje om at fjerning av dei  forureina massane i heilskap ville løyse motsegna, men kommunen meinte dette var uaktuelt på grunn av kostnadane. Kommunen presiserte òg at det ville vere uaktuelt for kommunen å ta på seg ansvaret for oppfølging av kontroll av deponigassar. Open kjellar/krypkjellar med full utlufting blei òg lansert som eit forslag, men statsforvaltaren peika på at det manglar dokumentasjon på at eit slikt tiltak er tilstrekkeleg for å minimere risikoen for gassintrenging/gassopphoping. Det blei semje om at kommunen skulle vurdere ei kommunal forskrift om bygging på deponi som sikrar ansvar for kontroll, oppfølging og nødvendige tiltak, og kome med tilbakemelding til statsforvaltaren om dette. Dette lukkast ikkje, slik det går fram ovanfor.

Statsforvaltaren i Trøndelag tilrår i oversendinga til departementet 7. mars 2023 at motsegna blir teken til følgje. Tilrådinga er gjort med bakgrunn i manglande vurdering av helsemessige konsekvensar av å etablere bustader på deponi, og at det ikkje er juridisk heimel for å sikre oppfølging, tiltaksgrense og iverksetting av tiltak. Statsforvaltaren legg vekt på at motsegna ikkje inneber at det ikkje kan byggjast på deponi, men at det ikkje er sikra kontroll av gassinntrening, kven som er ansvarleg for oppfølging, grenseverdiar for tiltaket og korleis eventuelle tiltak blir gjennomført, inkludert kor lenge dei skal vare. Samstundes peikar statsforvaltaren på at planen er i samsvar med byvekstavtalen og vil bidra til at nullvekstmålet for persontransport med bil blir nådd.

Synfaring og møte blei gjennomført 30. mai 2023 med representantar frå Trondheim kommune, Statsforvaltaren i Trøndelag, Trøndelag fylkeskommune, Miljødirektoratet, Helse- og omsorgsdepartementet og forslagsstillar. Klima- og miljødepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap deltok digitalt under møtet.

Justis- og beredskapsdepartementet peikar i fråsegn 19. juni 2023 på at motsegna til risiko- og sårbarheitsanalysen er løyst, og har inga tilråding i saka.

Klima- og miljødepartementet tilrår i fråsegn 13. juni 2023 at motsegna frå Statsforvaltaren i Trøndelag blir teken til følgje. Departementet viser til at det å sørgje for handtering av forureining for å hindre negative konsekvensar for menneske og natur er av nasjonal og vesentleg regional vekt, og vurderer at detaljregulering for Lutelvvegen er i konflikt med desse miljøinteressene.

Klima- og miljødepartementet skriv at det er juridiske, økonomiske og praktiske utfordringar med å sikre eit system for å gjennomføre, vedlikehalde og kontrollere avbøtande tiltak ved bustadutbygging på deponi. Så lenge det er gass i deponia, meiner departementet det alltid vil vere ein viss risiko for problem med inntrenging av deponigass i bygningar. Departementet vurderer at konsekvensar av gassinntrenging kan bli omfattande, og at sannsynet for at problem kan oppstå i etterkant av bygging ikkje er avklart. Departementet peikar òg på at erfaring med eksisterande bustader på deponimassane i Ranheimsfjæra har vist at det vil vere risiko for uføresette hendingar og behov for overvaking og retting ved etablering av bustader på slike område. Departementet viser til at det kjem fram av saka at det ikkje er stilt krav i planen som sikrar mot forureininga.

Helse- og omsorgsdepartementet tilrår i fråsegn 1. desember 2023 at motsegna frå Statsforvaltaren i Trøndelag blir teken til følgje. For å følgje opp forpliktingane etter folkehelselova § 4 første ledd, om å beskytte folkesetnaden mot faktorar som kan ha negativ innverknad på helse, meiner departementet i utgangspunktet at kommunar i størst mogleg grad bør unngå å byggje bustader på eller i randsona av nedlagde deponi. Departementet meiner vidare at kommunar som likevel vurderer å opne for bustadbygging på eller i randsona til nedlagde deponi, bør stille krav om tiltak for å redusere risikoen for inntrenging av gass frå grunnen, til dømes ved at massar blir fjerna og erstatta. Departementet meiner at ei eventuell opning for bygging på slike areal bør ha som føresetnad at det ligg føre tilfredsstillande oppfølgingsmekanismar for framtidig kontroll og overvaking av eventuell gassinntrenging.

Helse- og omsorgsdepartementet meiner denne saka har vist at det ikkje finst juridisk heimel til å stille krav om oppfølging og overvaking av gassinntrengingsnivå, og at det heller ikkje er klart kven som vil vere ansvarleg for slik oppfølging. Departementet vurderer at ein dermed ikkje vil ha nødvendig tryggleik for at gassinntreningsnivåa blir overvaka i framtida, og heller ikkje for at eigna tiltak blir sett inn når ei tiltaksgrense blir overskriden. Dette gjer etter departementet si vurdering at det er svært usikkert om det er helsemessig forsvarleg å leggje til rette for at folk skal bu i og bruke dei aktuelle bygningane. Departementet vurderer at det i mangel på tilfredsstillande mekanismar for kontroll og oppfølging, under dette ansvar for tiltak og heimel for slike krav, ikkje framstår helsemessig forsvarleg å opne for den planlagde utbygginga.

Helse- og omsorgsdepartementet meiner det faktum at statsforvaltaren ikkje hadde motsegn til gjeldande planar om helserisikoen ved å byggje på deponi, må sjåast i lys av utviklinga i kunnskaps­grunnlaget, mellom anna erfaringane frå Brånåsen deponi. HOD viser elles til at området kan byggjast ut etter gjeldande reguleringsplan, men peikar på at kommunen sine forpliktingar etter folkehelselova § 4 første ledd gjeld uavhengig av kva reguleringsplan det blir bygd ut etter.

 

Vurderinga til Kommunal- og distriktsdepartementet

I denne saka skal Kommunal- og distriktsdepartementet ta stilling til om det i detaljregulering for Lutelvvegen er teke tilstrekkeleg omsyn til risikoen og helsekonsekvensane ved å byggje bustader på eit nedlagd deponi, og som ein del av dette vurdere om det er sikra tilstrekkeleg tiltak mot gassinntrenging i bygningane.

Den nasjonale politikken på området er forankra i folkehelseloven § 4, der det går fram at kommunen skal bidra til å beskytte folkesetnaden mot faktorar som kan ha negativ innverknad på helsa. Kommunen skal fremje folkehelse mellom anna gjennom lokal utvikling og planlegging. Av rundskriv T-2/16 frå Klima- og miljødepartementet går det i kapittel 3.3 fram at motsegn skal vurderast når det ikkje er teke tilstrekkeleg omsyn til grunnforureining i planen. I nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027 går det fram at det er viktig å sikre at folkesetnaden ikkje blir utsett for forureining.

Om motsegnsretten
Advokatfirmaet Lag AS, på vegne av forslagsstillar Ranheimsfjæra Utbyggingsselskap II AS, og Entreprenørforeningen Bygg og anlegg har i brev til departementet hevda at stats-forvaltaren sin rett til å fremje motsegn er falt bort i denne saka. Dette er grunngjeve med at motsegn kunne blitt fremja til arealdelen til kommuneplanen i 2013 og til gjeldande detaljregulering i 2014. Det går fram av plan- og bygningslova § 5-5 at det ikkje kan fremjast motsegn mot forhold i ei plansak som det kunne ha vore fremja motsegn mot i samband med ein tidlegare plan om same forhold og som er vedteken i løpet av dei ti føregåande åra. Kommunal- og distriktsdepartementet vil peike på at det etter at dei gjeldande planane blei vedtekne, er kome vesentleg ny kunnskap om risikoen ved å byggje på deponi. Departementet finn derfor grunn til å realitetsbehandle motsegna.

Om deponiet
Det går fram av saka at deponiet i all hovudsak er oppfylt etter 1950. Utfylling er gjort ved tilførsel av massar frå Ranheim papirfabrikk fram til 1987. Desse massane har hovudsakleg omfatta treflis, bark, papp/papir og kalkslam. I tillegg har det til utpå 2000-talet vore tilført mineralske massar frå ulike utbyggingsprosjekt, mellom anna frå E6-utbygginga. Deponiet har ei djupne på inntil om lag 5 meter i sør og 7 meter i nord. Det er påvist forureina massar av tilstandsklasse 1–4 i området.

Ei avfallsfylling med organisk innhald vil gradvis brytast ned og krympe i volum. I denne prosessen blir det produsert gassar. Mange av gassane vil kunne vere skadelege for infrastruktur og for helsa til dei som bur på og i randsona til deponiet. Multiconsult har gjort undersøkingar av deponiet, og i notat 16. juli 2020 går det fram at produksjonen av metan i dag er relativt høg, men vil gå nedover med tida. Etter 30 år vurderer Multiconsult at produksjonen av metangass truleg har gått ned til eit nivå der han ikkje lenger representerer ein reell risiko. Målingane av deponigass viser at 12 av 16 prøvebrønnar har verdiar på over 5 prosent metan. Av desse har 10 brønnar over 25 prosent metan, og nokre har over 60 prosent metan. Metting over 5 prosent metan er rekna som eksplosjonsfarleg. Det er i tillegg registrert høge verdiar av den giftige gassen hydrogensulfid i enkelte prøvebrønnar, og denne gassen kan mellom anna etse metall.

Dei helsemessige konsekvensane av å byggje på deponiet
Ved bygging på gassdannande deponimassar, vil det alltid vere ein viss fare for at deponi-gass trengjer inn i bygningar som er plasserte på eller inntil deponiet. Risikoen er særleg knytt til oppkonsentrasjon av gass i små lukka rom, som kan medføre brann- og eksplosjons-fare. Høge gasskonsentrasjonar kan òg medføre fare for kveling. Dette gjeld sjølv om det blir gjennomført førebyggjande tiltak, noko som heller ikkje er omstridd i saka. Det er mellom anna vist til at det eksisterande bustadområdet vest for planområdet er bygd på tilsvarande grunn, og at det der er registrert enkelte utette gjennomføringar og spor av metan i tilliggjande mindre holrom. Den generelle tilrådinga frå Miljødirektoratet, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet er at eit føre-var-prinsipp blir lagd til grunn, og at ein ikkje byggjer bustader, sosial infrastruktur eller næringsbygg på eller i randsona til gassdannande deponi.

I rettleiar M1780 om bygging på nedlagde deponi frå Miljødirektoratet, som er utarbeidd i dialog med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet, går det fram at omfanget av helseplager forårsaka av deponigass er uklart. Helserisikoen ved langtidseksponering av lave konsentrasjonar av ulike blandingar av deponigass er òg vanskeleg å fastsetje. Fleire av gassane kan lukte sterkt sjølv i låge konsentrasjonar, og medføre luktplager både ute og inne. Det går fram av rettleiaren at den samla opplevinga av å opphalde seg i lokale med ubehageleg lukt og mogleg risiko for eksplosjon, for enkelte kan vere svært utfordrande, og føre til helseplager som hovudverk, hoste, slimdanning, snue, augeirritasjon, trøyttleik og kvalme. Det blir peika på at usikkerheit og bekymringar for tryggleiken, særleg om ein er gravid eller har barn i huset, kan vere ei betydeleg belasting for enkelte. Det går fram at ein slik langvarig stressituasjon i seg sjølv kan tenkast å bidra til utvikling og/eller forverring av helseplager og derfor bør takast alvorleg. Ein kan vidare gå ut frå at den psykosomatiske belastinga blir forsterka av at bebuarane opplever seg bundne til ein bustad som kan vere vanskeleg å få selt vidare. Statsforvaltaren peikar på at dei høge konsentrasjonane av gass i området kan forsterke usikkerheita, sjølv om det blir etablert eit kontrollsystem. Usikkerheit om oppfølging av ansvar kan òg bidra til helsebelasting hjå framtidige bebuarar.

Det går fram av saksframlegget at helsekonsekvensen knytt til psykisk risiko vil vere der så lenge kunnskapen er mangelfull for dei det gjeld. Det blir peika på at psykisk risiko og helseplager kan reduserast gjennom gode rutinar for kontroll og drift og tilstrekkeleg informasjon. Ein går ut frå at eventuelle problem som medfører auka gassinnsig kan auke den psykiske belastinga. På bakgrunn av dei høge verdiane av metan og hydrogensulfid som er målt innanfor planområdet, er det vurdert at området ikkje kan dokumenterast sikkert å byggje på utan at dei deponerte organiske massane blir fjerna.                                                  

Planlagde tiltak mot gassintrenging i bygningane
Det er planlagd at bygningane skal førast opp utan at alle dei gassdannande deponimassane skal gravast ut og fjernast, og det er difor nødvendig å sikre bygningane mot at deponigass skal trengje seg inn. Under blokkene midt i planområdet, vil potensialet for gassproduksjon bli mykje redusert fordi massane skal skiftast ut for å etablere eit underjordisk parkerings-anlegg i to etasjar, og som blir fundamentert på opphavleg grunn. Rundt halvparten av bustadene er planlagd over parkeringsgarasjen, medan resten vil bli liggjande oppå deponimassane.

Av notatet til Multiconsult går det fram at bygningsmessige tiltak må omfatte ein membran i nedste dekke og tetting av alle gjennomføringar. Det er behov for å etablere eit ventilasjonssystem under bygg og infrastruktur som samlar opp og fører bort deponigass. Langs grunnmuren på parkeringskjellaren må det etablerast ei oppsamlingssløyfe slik at eventuell gass kan ventilerast ut. Multiconsult skriv at det er svært viktig at sperra er tett og at grunnventileringa blir utført samvitsfullt, og at gassikringa blir etablert med toleranse for potensielle setningar. Dei skriv at det er vesentleg å leggje inn fleire løysingar mot innsig av gass, slik at det ikkje vil vere kritisk om ei av løysingane blir skada. Grøfter for teknisk infrastruktur må òg bli utført slik at desse kan bli lufta ut. Ventilasjonssystemet i bygga må utformast med balansert ventilasjon, for å unngå at luft frå grunnen blir sogen inn. Vidare må utforming av bygg og konstruksjonar vere slik at det ikkje blir danna holrom der metangass kan sive inn og oppkonsentrerast, utan at det blir lufta ut. Multiconsult peikar på at det er behov for oppfølging for å sikre at systema fungerer som tiltenkt gjennom eit kontrollprogram med 30-årspersktiv, og slik at tiltaka ved behov kan korrigerast.

Det er teke inn omfattande føresegner i planen for å sikre mot at deponigass trengjer inn i bygningane og for overvaking og oppfølging etter at bygga står ferdige. Avbøtande tiltak mot gassinntrenging skal etter § 7.2.1 i føresegnene konkretiserast gjennom ein tiltaksplan, som skal følgje søknad om tiltak og godkjennast av kommunen. Nokre tiltak, som krypkjellar og tettemembran, er òg fastsett direkte i planføresegnene § 4.5. Av § 7.2.2 går det fram at det skal etablerast eit overvakingsprogram for deponigass, som skal godkjennast av kommunen og starte opp før det blir gjeve bruksløyve. Overvakings­programmet skal mellom anna gjere greie for tidsplan og overvakingsfrekvens, målepunkt, analyse og rapportering, tiltakskriterium og plassering av ansvar. Programmet skal òg innehalde ein plan for kva tiltak som skal utførast om tiltakskriteria blir overskridne, og kven som har ansvaret for dette. Det skal etter § 7.2.3 dokumenterast korleis overvakingsprogrammet skal gjennomførast i heile levetida til bygningane.

Vurdering og konklusjon
Kommunal- og distriktsdepartementet meiner saka er godt opplyst. Det er gjort grundige vurderingar av risikoen for innsig av deponigassar, av moglege avbøtande tiltak og av moglegheitene for å sikre overvaking og oppfølging over tid. Moglege helsekonsekvensar er òg synleggjort.

Det går fram av saka at det, uavhengig av kva sikringstiltak som blir gjennomført, vil vere risiko for gassinntrenging dersom deponimassane ikkje blir fjerna. Sjølv om sikringstiltaka blir gjennomført nøyaktig, med toleranse for potensielle setningar og fleire nivå av sikring, kan det oppstå gassinntrenging på grunn av svikt eller manglande vedlikehald. Krypkjellarar og utluftingspunkt kan dessutan gå tett eller bli tetta på grunn av manglande kunnskap. Den planlagde utbygginga vil derfor krevje eit overvakingsprogram som blir følgd opp så lenge det kan utvikle seg deponigass, truleg i minst 30 år. Samstundes er det ikkje funne heimelsgrunnlag for å plassere ansvaret for å sikre at overvakingsprogrammet blir forvalta, drifta og vedlikehalde på ein tilfredsstillande måte gjennom levetida til bygget. Det same gjeld moglegheita til å sikre at naudsynte tiltak blir sette i verk dersom tiltaksgrensa blir overskriden. Verken kommunen eller utbyggar vil kunne følgje opp dette ansvaret etter at bustadene er overlevert til dei framtidige bustadeigarane. Oppfølging av overvakings­programmet, under dette å sjå til at eventuelle naudsynte tiltak blir sette i verk, vil dermed vere opp til dei framtidige bustadeigarane.

Kommunal- og distriktsdepartementet meiner at det, uavhengig av mogleg heimelsgrunnlag til å påleggje dette, er urimeleg at dei framtidige bustadeigarane skal bere ansvaret for at tryggleiken mot gassinnsig blir vareteken over tid. Dei framtidige bustadeigarane vil måtte tileigne seg eller kjøpe inn kompetanse om gassikringstiltak og overvakingssystem, og sørgje for at overvakingsprogrammet blir følgd. Departementet kan ikkje sjå at det finst alternativ der ansvaret kan leggjast på nokon andre. Det vil som ein følgje av dette vere stor risiko for at nødvendig informasjon ikkje blir overførd ved framtidige eigarskifte. Dersom det skulle bli behov for større tiltak som følgje av svikt i systema, vil det òg kunne oppstå usikkerheit rundt korleis dette skal følgjast opp av bustadeigarane. Departementet meiner det er grunn til å tru at desse forholda vil auke bekymringar og usikkerheit, som er peika på som den største helsekonsekvensen ved å byggje på deponi.

Kommunal- og distriktsdepartement har etter dette kome til at risikoen ved å byggje på avfallsdeponiet vil vere urimeleg høg, fordi ein ikkje kan vere trygg på at overvaking og førebyggjande tiltak blir følgd opp etter at bustadane står ferdige. Departementet meiner at mangelen på eit klart ansvar for oppfølging, kontroll og iverksetjing av tiltak kan medføre auka risiko over tid. Dette vil òg kunne skape usikkerheit og grunnlag for bekymringar hjå dei framtidige bebuarane, med negative følgjer for helsa. Departementet meiner ut frå dette at det ikkje er forsvarleg å byggje på deponiet før dei gassdannande massane er fjerna eller gassproduksjonen har gått ned til eit nivå der han ikkje lenger medfører risiko. Departementet godkjenner derfor ikkje planforslaget. Departementet meiner Trondheim kommune bør vurdere å leggje ned eit mellombels forbod mot tiltak for å endre eller oppheve gjeldande reguleringsplan for området.

 

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd godkjenner ikkje Kommunal- og distriktsdepartementet Trondheim bystyre sitt vedtak 19. mai 2022 av detaljregulering av Lutelvvegen, gnr/bnr 23/369, 24/310 m.fl.

Kommunen er orientert om vedtaket gjennom kopi av dette brevet. Departementet sitt vedtak er endeleg og kan ikkje klagast på, jamfør plan- og bygningslova § 12-13, siste ledd.

Med helsing
Erling Sande

Kopi: 
Advokatfirmaet LAG AS
Entrepenørforeningen - Bygg og anlegg
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Miljødirektoratet
Skanska Eiendomsutvikling AS
Trondheim kommune
Trøndelag fylkeskommune