Prop. 67 L (2014-2015)
Endringar i oreigningslova
Tilråding frå Justis- og beredskapsdepartementet 13. mars 2015, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Proposisjonen inneheld framlegg om endringar i oreigningslova. Den sentrale endringa er innføringa av eit nytt § 4 fjerde ledd, der det blir fastsett at eit endeleg vedtak om løyve til å gjennomføre førehandundersøkingar til bruk for eit påtenkt ekspropriasjonsinngrep skal utgjera eit særskilt tvangsgrunnlag etter tvangsfullføringslova kapittel 13. I tillegg blir ordet «etterrøking» endra til «førehandsundersøkingar», og det blir gjort nokre mindre språklege endringar i oreigningslova §§ 4 og 19.