Prop. 75 L (2014-2015)
Endringar i bustøttelova (skjerpa kontroll med bustøtte)
Tilråding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet 27. mars 2015, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
I proposisjonen føreslår departementet nye reglar i bustøttelova om innhenting og bruk av opplysningar til handsaming av søknader om bustøtte utan at det er nødvendig med samtykke frå søkjaren. Departementet føreslår også nye reglar om etterfølgjande kontroll. Forslaga er i vesentleg grad inspirerte av folketrygdlova kapittel 21, der det er gjeve reglar som regulerer retten til å hente inn og bruke opplysningar til sakshandsaming og til kontrollføremål i saker om ytingar etter folketrygdlova.