Prop. 113 S (2014-2015)
Investeringar i Forsvaret
Tilråding frå Forsvarsdepartementet 24. april 2015, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Regjeringa legg i denne proposisjonen fram forslag om investeringar til Forsvaret. Prop. 113 S (2014-2015) omfattar forslag om godkjenning av oppstart av tre eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt (EBA-prosjekt). Regjeringa foreslår òg godkjenning av oppstart av tre nye materiellprosjekt, i tillegg til endringar av eit tidlegare godkjent prosjekt. Alle prosjekta i proposisjonen bidreg til å byggje opp om dei prioriteringane og den forsvarsstrukturen som vart vedteken ved Stortinget si handsaming av Innst. 388 S (2011-2012), jf. Prop 73 S (2011-2012) - Et forsvar for vår tid. I tillegg inneheld proposisjonen fem saker til informasjon.