Prop. 125 L (2014–2015)
Endringar i spesialisthelsetjenesteloven m.m. (kontaktlege i spesialisthelsetenesta m.m.)
Tilråding frå Helse- og omsorgsdepartementet 22. mai 2015, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Proposisjonen inneheld forslag om innføring av kontaktlege i spesialisthelsetenesta. Forslaget gjeld både ei plikt for helseføretaket til å oppnemne kontaktlege og ein rett for alvorleg sjuke pasientar til å få oppnemnt kontaktlege. Formålet er å gi desse pasientane betre oppfølging og kontinuitet i behandlinga. Helse- og omsorgsdepartementet foreslår også endringar i gjeldande ordning med koordinator i spesialisthelsetenesta, slik at hovudregelen om at koordinatoren bør vere lege, fjernast. Vidare inneheld proposisjonen forslag om innføring av søksmålsfristar for vedtak gjorde av Klagenemnda for behandling i utlandet, Preimplantasjonsdiagnostikknemnda og Statens helsepersonellnemnd.