Prop. 138 L (2014–2015)
Endringar i yrkestransportlova (lovbrotsgebyr knytt til tildeling av tenestekonsesjonskontraktar)
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 12. juni 2015, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Proposisjonen omhandlar endringar i yrkestransportlova. Lovframlegget opnar for at Samferdselsdepartementet skal kunne påleggje oppdragsgjevarar eit lovbrotsgebyr dersom dei bryt reglar som skal sikre openheit og ikkje-diskriminering i samband med tildeling av konsesjonskontraktar som gjeld transporttenester etter yrkestransportlova.