Prop. 150 L (2014–2015)
Endringar i EØS-høringsloven (elektronisk administrativt samarbeid)
Tilråding frå Nærings- og fiskeridepartementet 21. august 2015, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Nærings- og fiskeridepartementet foreslår i denne proposisjonen ei lovendring som gjev forskriftsheimel til å gjennomføre Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1024/2012 ”Om forvaltningssamarbeid gjennom informasjonssystemet for det indre marked og om oppheving av kommisjonsvedtak 2008/49/EF” (IMI-forordninga). Departementet foreslår å ta forskriftsheimelen inn i lov 17. desember 2004 nr. 101 om europeisk meldeplikt for tekniske reglar (EØS-høringsloven). Informasjonssystemet for den indre marknaden (IMI) er eit elektronisk verktøy som nyttast til utveksling av informasjon mellom styresmakter i EØS. Noreg har nytta systemet sida starten i 2008. IMI-forordninga etablerer eit horisontalt rettsgrunnlag for IMI og fastset felles reglar for ein mest mogleg effektiv bruk av systemet og gjev samstundes reglar om personvern. Forordninga leggjar vidare til rette for framtidig utvida bruk av IMI innanfor nye saksfelt og klargjer rollene til og forenklar kontakten mellom aktørane i IMI (Europakommisjonen, nasjonale og lokale styresmakter).