Prop. 157 L (2014–2015)
Lov om konsortium for europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC-lova)
Tilråding frå Kunnskapsdepartementet 25. september 2015, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Kunnskapsdepartementet legg med dette fram forslag til lovregulering av ERIC-organisasjonsforma. Forslaget gjennomfører EU-forordninga om konsortium for felles europeisk forskingsinfrastruktur (723/2009), som gir eit rettsleg rammeverk for norsk deltaking i slike samarbeid på linje med andre EØS-land. Forordninga blei tatt inn i norsk rett ved Stortingsvedtak i mai 2015. Lovreguleringa som her blir foreslått er nødvendig for å kunne bruke ERIC-organisasjonsforma for felles forskingsinfrastruktur med sete i Noreg. Lovforslaget inneber at det blir etablert ei ny organisasjonsform i norsk rett: Konsortium for ein europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC).