Prop. 2 L (2015–2016)
Endringar i lov om statens tjenestemenn m.m. og lov om Statens pensjonskasse mv. (utfasing av statens ventelønnsordning og vartpengeordninga)
Tilråding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet 2. oktober 2015, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Proposisjonen inneheld forslag til endringar i tenestemannslova og lov om Statens pensjonskasse. Forslaget inneber ei utfasing av statens ventelønnsordning og vartpengeordninga, slik at arbeidstakarar i framtida ikkje kjem til å ha rett til desse ytingane, men i staden bli viste til den alminnelege dagpengeordninga. Samtidig føreslås ei overgangsordning slik at dei som får ventelønn og vartpengar ikkje blir råka av opphevinga.