Prop. 19 S (2015–2016)
Endringar i statsbudsjettet 2015 under Samferdselsdepartementet
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 20. november 2015, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Proposisjonen inneheld forslag om å endre løyvingar til veg, jernbane, kyst, post og elektronisk kommunikasjon. Løyvingsendringane gjeld m.a. midlar til E18 Skjeggestad bru etter brukollapsen i februar 2015 og til E18 Gudvangatunnelen etter brannen i august 2015 . Vidare blir det orientert om fleire saker, som charterdrift på Fagernes lufthamn, Leirin og at Avinor Flysikring AS kan levere konsulenttenester i utlandet.