Prop. 73 L (2015–2016)
Endringar i valgloven (personval ved stortingsval, frist for godkjenning av førehandsstemmer mv.)
Tilråding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet 18. mars 2016, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
I proposisjonen føreslår departementet nye reglar for personval ved stortingsval. Departementet føreslår også å endre fristen for å godkjenne førehandsstemmer. Proposisjonen inneheld i tillegg framlegg om å innføre elektronisk avkryssing i manntalet på valdagen som ei permanent, frivillig ordning for alle kommunar, og ei presisering av reglar for å krevje fritak frå val.