Prop. 76 L (2015–2016)
Endringar i inndelingslova og kommunelova (behandling av kommunesamanslåingar mv.)
Tilråding frå Kommunal- og moderniseringdepartementet 18. mars 2016, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Proposisjonen inneheld framlegg om endringar i inndelingslova og kommunelova. Endringane i inndelingslova er knytta til behandling av kommunesamanslåingar, og er endringar departementet meiner er nødvendige for at samanslåingsprosessane lokalt skal gå smidig føre seg. Endringane i kommunelova er dels tekniske endringar og opprettingar og dels lovfesting av ei forsøksordning i Oslo kommune knytt til styring av kommunale føretak.