Prop. 135 S (2015–2016)
Endringar i statsbudsjettet 2016 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)
Tilråding frå Helse- og omsorgsdepartementet 3. juni 2016, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Takstforhandlingane i 2016 med legane, psykologane og fysioterapeutane er ikkje avslutta slik at eventuelle endringar i budsjetta på bakgrunn av forhandlingane kan ikkje bli lagde fram for Stortinget i vårsesjonen 2016. Stortinget blir bede om å samtykke i at Helse- og omsorgsdepartementet får fullmakt til å gjere endringar i løyvingane til dei regionale helseføretaka, kommunane og trygderefusjonane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2016. Endringane vil bli gjort på bakgrunn av forhandlingane med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening og Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund. Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.