Prop. 56 S (2016–2017)
Finansiering av prosjektet fv 17 / fv 720 Dyrstad – Sprova – Malm i Nord-Trøndelag, justert innkrevjingsopplegg E16 Kongsvinger – Slomarka og auka kostnadsramme E6 Helgeland nord
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 10. februar 2017, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
I proposisjonen blir det lagt fram forslag om finansiering av prosjektet Dyrstad – Sprova - Malm på fylkesveg 17 og 720 i Nord-Trøndelag. Det blir også orientert om justert bompengeinnkrevjingsopplegg for prosjektet E16 Kongsvinger – Slomarka og det blir lagt fram forslag om økt kostnadsramme for prosjektet E6 Helgeland nord.