Prop. 105 S (2016–2017)
Utbygging og finansiering av E39 Rogfast i Rogaland
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 5. april 2017, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av prosjektet E39 Rogfast i Randaberg, Kvitsøy og Bokn kommunar i Rogaland. E39 Rogfast er det første ferjeavløysingsprosjektet i ambisjonen om ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim. Finansieringa er basert på bompengar og statlege midlar.