Prop. 131 S (2016–2017)
Nokre saker om administrasjon, veg, jernbane og post og telekommunikasjonar
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 11. mai 2017, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
I proposisjonen foreslår regjeringa endra kostnadsramme for prosjekta E18 Melleby – Momarken, rv 13 Joberget og Arna – Fløen (Ulriken tunnel). Ei kort orientering om NSB AS er ein del av proposisjonen. Vidare blir det orientert om fleire saker innan administrasjon, veg og post og telekommunikasjonar, m.a. ei orientering om arbeidet med Kjørholt- og Bambletunnelane, ei sak om unntak frå avstandskrav i postregelverket og fem oppmodingsvedtak.