Prop. 140 S (2016–2017)
Finansiering av prosjektet fv 659 Nordøyvegen i Møre og Romsdal
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 22. mai 2017, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Samferdselsdepartementet set i denne proposisjonen fram forslag om bompengefinansiering av fv 659 Skjeltene – Harøya (Nordøyvegen) i Møre og Romsdal. Finansieringa er basert på fylkeskommunale midlar og bompengar. Prosjektet vil gje fastlandssamband til Nordøyane.