Prop. 164 S (2016–2017)
Finansiering av Nordhordlandspakken i Hordaland
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 25. august 2017, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Samferdselsdepartementet set i denne proposisjonen fram forslag om bompengefinansiering av Nordhordlandspakken i Hordaland. Finansieringa er basert på statlege midlar, fylkeskommunale midlar og bompengar. Nordhordlandspakken innheld ei rekkje prosjekt og tiltak på riks- og fylkesvegnettet i kommunane Lindås, Meland, Radøy, Fedje, Austrheim, Masfjorden og Modalen nord i Hordaland.