Prop. 52 L (2017–2018)
Endringar i opplæringslova, friskolelova og folkehøgskolelova (plikt til å tilby intensiv opplæring og plikt til fleirfagleg samarbeid m.m.)
Tilråding frå Kunnskapsdepartementet 23. mars 2018, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Lovproposisjonen inneheld forslag om å innføre ei plikt for skolen til raskt å gi egna intensiv opplæring til elevar på 1. – 4. trinn som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning. Lovproposisjonen inneheld vidare eit forslag om å innføre ei plikt for skolen til å samarbeide med kommunale tenestetilbydarar om fleirfaglig vurdering og oppfølging av elevar med helsemessige, personlege, sosiale og emosjonelle vanskar knytte til opplæringa. I lovproposisjonen vert det òg foreslått ein ny modell for å nå fram til fag- eller sveinebrev, på grunnlag av allsidig praksis, realkompetansevurdering og opplæring kombinert med rettleidd praksis i ordinært arbeid. Endeleg inneheld lovproposisjonen eit forslag om å endre folkehøgskolelova slik at ho òg gjeld for Svalbard.