Prop. 66 S (2017–2018)
Investeringar i Forsvaret og andre saker
Tilråding frå Forsvarsdepartementet 6. april 2018, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Regjeringa ber i proposisjonen om Stortinget si godkjenning til å starte opp åtte nye investeringsprosjekt, fem nye materiellprosjekt, og tre nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt. Proposisjonen inneheld òg andre saker som oppmodingsvedtak og informasjonssaker.