Prop. 112 L (2017–2018)
Endringar i stiftelseslova (tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)
Tilråding frå Nærings- og fiskeridepartementet 31. august 2018, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Proposisjonen gjeld forslag til endringar i stiftelseslova. Lova vert føreslått endra slik at Stiftelsestilsynet får heimel i lov til framleis å kunne hente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikt når det er naudsynt for utøving av oppgåver etter stiftelseslova, arvelova og dekningslova, jf. folkeregisterlova § 10-2.