Prop. 36 L (2018–2019)
Endringar i eigarseksjonslova mv. (korttidsutleige, skjerpa ervervsavgrensing og eigarskiftegebyr)
Tilråding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet 7. desember 2018, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Kommunal- og moderniseringsdepartementet fremjar i denne proposisjonen forslag til endringar i eigarseksjonslova, burettslagslova og visse andre lover. Proposisjonen inneheld forslag om å skjerpe den såkalla «ervervsavgrensinga» i eigarseksjonslova. Forslaget går ut på at indirekte kjøp av ein bustadseksjon skal bli ramma av ervervsavgrensinga, og å regulere kva som skal reknast som indirekte kjøp. Proposisjonen inneheld vidare eit forslag om å regulere korttidsutleige: Departementet føreslår, for det første, å avgrense tilgangen til å drive med korttidsutleige i eigarseksjonssameige til 90 dagar i løpet av eit år. For det andre, foreslår departementet å utvide tilgangen til å drive med korttidsutleige i burettslag til 30 dagar i løpet av eit år. At forslaga i eigarseksjonslova og burettslagslova er ulike, er grunngitt i at dagens reglar om utleige er grunnleggjande ulike i dei to lovene. Proposisjonen inneheld vidare eit forslag om å ta inn ein heimel for å krevje eigarskiftegebyr i eigarseksjonslova. Forslaget vil føre til at reguleringa av tilgangen til å ta gebyr i burettslag og sameige blir lik.