Prop. 38 L (2018–2019)
Endringar i sjølova (tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)
Tilråding frå Nærings- og fiskeridepartementet 14. desember 2018, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Proposisjonen gjeld forslag til endringar i sjølova. Lova vert føreslått endra slik at Sjøfartsdirektoratet får heimel i lov til framleis å kunne hente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikt når det er naudsynt for utøving av oppgåver etter sjølova jf. folkeregisterlova § 10-2.