Prop. 69 L (2018–2019)
Endringar i yrkestransportlova (ekspressbuss)
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 5. april 2019, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Proposisjonen omhandlar endringar i yrkestransportlova som vil gje høve til å fritt kunne etablere kommersielle bussruter lengre enn 80 kilometer éin veg, med høve til å kunne ta lokaltrafikk undervegs. Det vert òg gjeve heimel for departementet til å kunne bestemme i forskrifter at flybussruter der passasjerane går av eller på ved ein flyplass kan etablerast utan krav til nedre kilometergrense.