Prop. 120 S (2019–2020)
Pensjonar frå statskassa
Tilråding frå Arbeids- og sosialdepartementet 29. mai 2020, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
I proposisjonen legg departementet frem forslag til vedtak om pensjonar frå statskassa. Pensjon frå statskassa er ei særordning som gjev Stortinget høve til å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte. Pensjonen byggjer ikke på rettskrav, og blir gjerne omtala som gåvepensjon (”billighetspensjon”).