Prop. 224 L (2020–2021)
Endringar i statsansatteloven m.m. (lovheimel for registrering av verva og dei økonomiske interessene til enkelte statstilsette)
Tilråding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet 23. juni 2021, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
I proposisjonen fremjast eit framlegg om å ta inn ein lovheimel i lov 16. juni 2017 nr. 67 om sta tens ansatte mv. (statsansatteloven) for å kunne etablere ei registreringsordning for statstilsette sine verv og økonomiske interesser. Framlegget skal gje eit tilstrekkeleg rettsleg grunnlag for at verksemder i staten skal kunne påleggje tilsette i bestemde stillingar å registrere verva sine og dei økonomiske interessene dei har. Det er kvar enkelt verksemd som må vurdere om det er nødvendig å innføre ei registreringsordning, og i så fall kva for stillingar som skal påleggjast ei registreringsplikt. Verksemdene må òg vurdere kva for verv og økonomiske interesser som skal omfattast.