Prop. 2 S (2021–2022)
Endringar i statsbudsjettet 2021 under Samferdselsdepartementet (driftskreditt til Nye Veier AS og kostnadsrammer) og revisjon av bompengepakke (fylkesveg)
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 1. oktober 2021, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om revidert finansieringsopplegg for fylkesvegprosjekt og -tiltak i Bømlo kommune i Vestland. Forslaget omfattar revidert bompengeopplegg, samt å sette av ei ramme til nye, mindre utbetringar på fylkesvegnettet.