Prop. 75 S (2021–2022)
Investeringar i Forsvaret og andre saker
Tilråding frå Forsvarsdepartementet 1. april 2022, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Regjeringa ber om at Stortinget godkjenner nye investeringsprosjekt på Porsangmoen og på Værnes og at Stortinget godkjenner å auke omfanget av tidlegare godkjente prosjekt for kjøp av 155 mm. artillerisystem og artillerilokaliseringsradarar. Regjeringa informerer også om beredskap for sikring av oppsetjingsstadene til Heimevernet samt om NH90 maritime helikopter og mogleg innleige av helikopter.