Prop. 101 S (2021–2022)
Revidert finansieringsopplegg for Askøypakken i Vestland
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 8. april 2022, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Proposisjonen omhandlar forslag om revidert finansieringsopplegg med auke i bompengebidraget for å fullføre fylkesvegprosjekt og -tiltak i Askøypakken i Vestland. Pakken omfattar 10 prosjekt og tiltak i fylkesvegnettet og ei ramme til kollektivtiltak. Det auka bompengebidraget vil kome gjennom etablering av ein femte bomstasjon og utvida innkrevjingstid i fem år frå 2028 til 2033.