Prop. 111 S (2021–2022)
Nokre saker om veg, særskilde transporttiltak og transport i byområda mv.
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 12. mai 2022, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram nokre saker som gjeld veg, særskilde transporttiltak og transport i byområda mv. Det blir føreslått å oppheve eit oppmodingsvedtak og gjort greie for oppfølginga av tre andre slike vedtak.