Prop. 128 S (2021–2022)
Endringar i statsbudsjettet 2022 under Finansdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2022 m.m.)
Tilråding frå Kommunal- og distriktsdepartementet 3. juni 2022, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Proposisjonen omhandlar endringar i statsbudsjettet 2022 under Finansdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet som følgje av lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2022.