Prop. 143 L (2021–2022)
Endringar i havenergilova (utlysing og tildeling av areal)
Tilråding frå Olje- og energidepartementet 30. september 2022, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Proposisjonen inneheld forslag til prosess om utlysing og tildeling av areal for fornybar energiproduksjon til havs. Dei foreslåtte endringane gir departementet heimel til å lyse ut og invitere til konkurranse om tildeling av område som er opna etter havenergilova.