Prop. 32 L (2022–2023)
Endringar i havressurslova m.m. (administrativ inndraging og tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)
Tilråding frå Nærings- og fiskeridepartementet 2. desember 2022, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Proposisjonen gjeld forslag til endring i havressurslova § 54 om administrativ inndraging av ulovleg fangst, for å gje departementet heimel til å fastsetje nærmare føresegner i forskrift om kva lovbrot som fører til administrativ inndraging. I tillegg gjeld proposisjonen forslag til endringar i havressurslova og deltakarlova for å sikre at Fiskeridirektoratet framleis har tilgang til opplysningar i Folkeregisteret utan hinder av teieplikt når det er naudsynt for utøving av oppgåver etter lovene, jf. folkeregisterlova § 10-2. Proposisjonen inneheld også forslag til oppheving av fiskarpensjonslova § 4 fjerde ledd.
Rettebrev