Prop. 37 L (2022–2023)
Endringar i vassdragsreguleringsloven, energiloven og vannressursloven (kostnadsdekning for tilsyn og kontroll)
Tilråding frå Olje- og energidepartementet 16. desember 2022, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Departementet foreslår endringar i lovføresegnene om dekning av kostnader til tilsyn og kontroll i vassdragsreguleringsloven, energiloven og vannressursloven. Endringane vil gi ein meir einskapleg og presis utforming av føresegnene om kostnadsdekning til arbeid med tilsyn og kontroll på energi- og vassdragsområdet.