Prop. 62 L (2022–2023)
Endringar i Finnmarksloven (endringar som følgje av delinga av Troms og Finnmark fylke)
Tilråding frå Kommunal- og distriktsdepartementet 24. mars 2023, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Proposisjonen omhandlar endringar i Finnmarksloven som krevst på grunn av Stortingets vedtak av 14. juni 2022 om delinga av Troms og Finnmark fylke.