Prop. 93 S (2022–2023)
Fullmakt til å inngå ein tosidig differansekontrakt for støtte til fornybar energiproduksjon til havs frå første fase av Sørlege Nordsjø II
Tilråding frå Olje- og energidepartementet 31. mars 2023, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
I proposisjonen legg departementet fram forslag om tilsegnsfullmakt for støtte til fornybar energiproduksjon til havs for første fase av Sørlige Nordsjø II i form av ein tosidig differansekontrakt med eit tak for betalingar frå både produsenten og staten.