Prop. 44 S (2023–2024)
Utbygging og finansiering av E134 Røldal–Seljestad i Vestland og kostnadsramme for E6 Megården–Sommerset i Nordland
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 26. januar 2024, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
I Prop. 44 S legg Samferdselsdepartementet frem proposisjon for Utbygging og finansiering av E134 Røldal–Seljestad i Ullensvang i Vestland, med omtale av bompengefinansiering og forslag til kostnadsramme. Prosjektet er fyrste byggetrinn på strekninga E134 Vågsli–Seljestad. Stortinget har lagt til grunn oppstart av prosjektet i 2025, jf. nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Samferdselsdepartementet. I same proposisjon legg Samferdselsdepartementet også frem forslag til kostnadsramme for utbygging av prosjektet E6 Megården–Sommerset i Sørfold i Nordland. Prosjektet er ein delstrekning av strekninga E6 Megården–Mørsvikbotn. Stortinget har lagt til grunn oppstart av prosjektet i 2024, jf. nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Samferdselsdepartementet.