Prop. 63 L (2023–2024)
Endringar i helsepersonelloven og helsetilsynsloven (administrative reaksjonar, karantenetid før søknad om ny autorisasjon mv.)
Tilråding frå Helse- og omsorgsdepartementet 22. mars 2024, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
I proposisjonen foreslår Helse- og omsorgsdepartementet endringar i helsepersonelloven og helsetilsynsloven som inneber at Helsetilsynet kan ileggje strengare administrative reaksjonar overfor helsepersonell som er til alvorleg fare for pasienttryggleiken eller som alvorleg svekkjer tilliten til helse- og omsorgstenesta. Det blir mellom anna foreslått ei generell karantenetid på minst to år før ein kan søkje om ny autorisasjon etter at autorisasjonen er trekt tilbake. I dei alvorlegaste sakene blir karantenetida før søknad om ny autorisasjon føreslått sett til minst ti år. Det blir også foreslått at helsepersonell som har mista autorisasjonen, men som like fullt held fram med å praktisere yrket, kan ileggjast forbod mot å yte helsehjelp. Ved manglande etterleving av forbodet, kan helsepersonellet ileggjast tvangsmulkt.