Prop. 80 L (2023–2024)
Endringar i rettsgebyrloven (justering av multiplikator for forliksklage og forkynning av betalingsoppmoding)
Tilråding frå Justis- og beredskapsdepartementet 5. april 2024, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Justis- og beredskapsdepartementet fremjar i denne proposisjonen forslag til lov om endringar i rettsgebyrlova. Føremålet med endringane er at gebyret for handsaming av ei sak i forliksrådet og forkynning av betalingsoppmodingar svarar til sjølvkost. Endringane vert foreslått å gjelde frå 1. juli 2024.