Prop. 6 L (2024–2025)
Endringar i kulturlova (føremål, armlengd og kommunal planlegging)
Tilråding frå Kultur- og likestillingsdepartementet 1. november 2024, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Proposisjonen inneheld framlegg til endringar i kulturlova på tre punkt. Departementet føreslår å forankre ansvaret styresmaktene har på kulturfeltet i «infrastrukturkravet» i Grunnlova § 100 sjettet leddet. Vidare føreslår departementet å lovfeste det kulturpolitiske prinsippet om armlengds avstand. Endeleg føreslår departementet ei føresegn om fylkeskommunal og kommunal planlegging på kulturfeltet.