Prop. 53 L (2024–2025)
Endringar i naturskadeforsikringslova m.m. (ansvarsgrense og tilsyn med Norsk naturskadepool)
Tilråding frå Justis- og beredskapsdepartementet 7. mars 2025, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Justis- og beredskapsdepartementet foreslår i proposisjonen endringar i naturskadeforsikringslova. Framlegga gjeld tilsyn med Norsk naturskadepool og endringar i ein forskriftsheimel om fastsetjing av grensa for det samla ansvaret forsikringsselskapa har ved ein enkelt naturkatastrofe. Departementet foreslår òg å endre tvangsfullbyrdingslova slik at juristar kan vere prosessfullmektigar i saker om tvangsfullbyrding.