Meld. St. 15 (2014-2015)
Noregs fiskeriavtalar for 2015 og fisket etter avtalane i 2013 og 2014
Tilråding frå Nærings- og fiskeridepartementet 20. mars 2015, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Melding til Stortinget
Meldinga omtalar fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2015 og fisket etter dei tilsvarande avtalane for 2013 og 2014. Ho har vidare ei oversikt over status og vitskapleg rådgjeving for dei viktigaste bestandane vi deler med andre land. I tillegg gjev meldinga ei innføring i viktige tema i det internasjonale fiskerisamarbeidet, som det havrettslege rammeverket og kampen mot ulovleg, uregulert og urapportert fiske.