Meld. St. 30 (2016–2017)
Verksemda til Avinor AS
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 5. april 2017, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Melding til Stortinget
Avinor er eit aksjeselskap der staten ved Samferdselsdepartementet eig alle aksjane. Formålet og samfunnsoppdraget til Avinor er å eige, drive og utvikle eit landsomfattande nett av lufthamner for den sivile luftfarten og flysikringstenester for den sivile og militære luftfarten. I meldinga presenterer Samferdselsdepartementet verksemda til Avinor dei siste fire åra, Avinor sine planar og strategiar for åra framover, Samferdselsdepartementet sine vurderingar av Avinor sine planar og strategiar og regjeringa sin politikk for eigarstyringa av selskapet.