Meld. St. 44 (2016–2017)
Noregs deltaking i den 71. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)
Tilråding frå Utanriksdepartementet 21. juni 2017, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Melding til Stortinget
Denne årlege meldinga til Stortinget samanfattar og vurderer dei viktigaste politiske resultata frå Noregs deltaking i den 71. ordinære generalforsamlinga i FN. Føremålet er å informere Stortinget og ålmenta om utviklinga i FN og Noreg sitt engasjement i FN-saker, i tillegg til å stimulere til debatt rundt desse viktige spørsmåla.