Meld. St. 8 (2021–2022)
Noregs fiskeriavtalar for 2022 og fisket etter avtalane i 2020 og 2021
Tilråding frå Nærings- og fiskeridepartementet 11. mars 2022, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Melding til Stortinget
Meldinga omtalar fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2022 og fisket etter avtalane i 2020 og 2021. Ho gjev ei innføring i viktige tema i det internasjonale fiskerisamarbeidet, som det havrettslege rammeverket, internasjonale havmiljøprosessar, kontrollsamarbeid, og kampen mot ulovleg, uregulert og urapportert fiske og fiskerikriminalitet. I tillegg gjer meldinga greie for status og vitskapleg rådgjeving for dei viktigaste bestandane vi deler med andre land.