Meld. St. 11 (2022–2023)
Noregs fiskeriavtalar for 2023 og fisket etter avtalane i 2021 og 2022
Tilråding frå Nærings- og fiskeridepartementet 10. mars 2023, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Melding til Stortinget
Meldinga omtalar fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2023 og fisket etter avtalane i 2021 og 2022. Ho gjev ei innføring i viktige tema i det internasjonale fiskerisamarbeidet, som det havrettslege rammeverket, internasjonale havmiljøprosessar, kontrollsamarbeid, og kampen mot ulovleg, uregulert og urapportert fiske og fiskerikriminalitet. I tillegg gjer meldinga greie for status og vitskapleg rådgjeving for dei viktigaste bestandane vi deler med andre land.