Meld. St. 20 (2023–2024)
Opptak til høgare utdanning
Tilråding frå Kunnskapsdepartementet 5. april 2024, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Melding til Stortinget
I Meld St. 20 (2023–2024) legg regjeringa fram forslag til endringar i regelverket for opptak til høgare utdanning. Regjeringa har som mål at flest mogleg skal kome raskt i gang med høgare utdanning og ut i arbeid, at regelverket skal bli enklare og meir forståeleg, at vi skal ha ein rettferdig modell for opptak til høgare utdanning, og at søkarane skal kunne få nye sjansar.